• An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
  • An Image Slideshow
Historien rundt Johansen Slip & Mek.
John Johansen (1913-1999) starta verkstaden sin på Raudeberg i 1946 under namnet: Johansen Mek.Verksted. Han var då 33 år og hadde frå konfirmasjonsalderen arbeidd ved Blaalid Slipp & Mekaniske Verksted. Verkstaden i Kapellbukta vart bygd av materialer frå ei brakke tyskarane hadde hatt i Kråkenes. På verkstaden vart det utført maskin-og motorarbeid, smedarbeid, platearbeid og sveising.

Når det gjaldt  trearbeid, var det eit nært og godt samarbeid med Raudeberg Båtreparasjon/Båtbygg. Den fyrste slippen (såkalla "såpeslipp med følgjevogn") kom i 1954. Seinare vart slippen ombygd til vognslipp. Med seg som arbeidarar hadde han Kristian Refvik og Asbjørn Blålid. Både Kristian og Asbjørn var svært unge  ca. 17 - 18 år då dei tok til å arbeid her. Det var hardt arbeid og tunge løft. John Johansen var et arbeidsjern og stod på seint og tidlig for at verkstedet skulle være liv laga.

Etter som åra gjekk fekk verkstedet meir og meir å gjere og det vart investert i nye maskiner og utstyr etterkvart som økonomien tillot det. John likte ikkje å stå i gjeld til andre og levde etter mottoet "først tene pengene og så investere" Særleg under det rike vintersildfisket på 1950-talet auka aktiviteten og nye arbeidarar kom til: Ove Olsen (Vedvik), Arne Steinagard, og Knut Solberg. Og i 1960- og 1970-åra: Audun Nybakk, Isak Arne Johansen, Jan Gunnar Tellevik, Roy Arne Gaustad, Øyvind Hopland og Egil Silden. I denne perioden låg arbeidsstyrken vanlegvis på seks-sju mann.

John var fødd i 1913 og hadde hatt et travel arbeidsdag heile sitt voksne liv. Han såg derfor etter noen til å ta over verkstedet og driften når han sluttet. I slutten av 1986 slutta John av bedrifta og ny eiere tok over. Desse var: Isak Arne Johansen, Johnny Kjøde, Ragnar Sørgård og Gustav Olsen. Frå 1/1-1987 starta desse karane opp under navnet: Johansen Slip & Mek. As